Ei stjerne har slokna
Til minne om Ivar Krogh Hovd (1964-2016)
Så måtte også den robuste energibunten Ivar Krogh Hovd gje tapt for kreftsjukdommen. Han sovna inn i heimen i Vestby 20. juni, berre 52 år gamal. Vi har lenge visst at døden ville hente Ivar. Vi har hatt tid til å førebu oss og ta farvel. Sorgen og saknet er likevel djupt hos tallause song- og musikkvener, musikkelevar og først og fremst for den kjære familien hans.
Vi i Koret Oslo Ø har mista vår dirigent og makelause inspirasjonskjelde gjennom 18 år, og vår beste kamerat. For Ivar var noko meir enn ein korleiar som kom og gjekk. Han hadde ei spesiell evne til å kombinere sin suverene musikalitet med blikk for kvar og ein av dei mange ulike menneska han jobba med, som fekk fram det beste i alle. Denne evna gjorde at han havna på rett hylle i yrkeslivet, som musikklærar ved Rud Vidaregåande Skole i Bærum. Der var det minnestund med full aula då dødsfallet vart kjent. Ivar Krogh Hovd bygde bru frå usikker ungdomstid til songens og musikkens verd for så mange gåverike unge, som i sorgen fortel om alt dei har å takke han for. Ei lukka Facebook-side for oss som kjente Ivar, har meir enn 1400 medlemer og mange sterke minne.
Han var utdanna songar og kordirigent frå Musikkonservatoriet og Norges musikkhøgskole, og har dirigert fleire kor. Han kom til Koret Oslo Ø i 1995, og vart der til 2013. Fleire i koret jobba saman med han heile denne tida. Mange andre har komme til, og folk har også slutta, slik livet er i kor. Vi har alle hatt store opplevingar under Ivars myndige og kyndige og ikkje minst humørfylte leiing, for også verbalt var han noko for seg sjølv. Musikalsk var han allsidig og ville ha variasjon. Koret Oslo Ø kunne ta det heilt ut i pop- og rockeshow («The revenge of the absolute hombres») det eine året, synge kyrkjemusikk av Mozart og Brahms det neste, og «Tre vise menn» med Ole Paus, Cornelis Vreeswijk og Allan Edwall på plakaten det tredje. Men julekonserten og 1. mai-songen på Grünerløkka stod – og står – for kontinuitet og tradisjon.
Han var også ein framifrå arrangør. Då det i 2015 vart klart at tida hans var tilmålt, sette Koret Oslo Ø opp konsertar til heider for han, «Absolute Ivar Krogh Hovd», med eit utval av Ivars arrangement på programmet. Sjølv heldt han fram med å dirigere det eminente vokalensemblet Mannskoret til det siste. Dei fylte Rockefeller i januar, Kulturhuset 1. mai og heldt sin årlege «kontingentkonsert» på Kampen bistro få veker før Ivar døydde. Det var ei kraftprøve som viste vilja og kamplysta som budde i han.
Ivar etterlet seg fire barn frå to faser i livet. I Koret Oslo Ø fann han og sopranen Marit kvarandre. Dei gifta seg i ein gripande seremoni, då håpet var ute om at Ivar kunne bli frisk. Saman fekk dei Lotte og Sivert, som er i barneskolealder. Tankane går til familien i denne tunge tida.
Fred over minnet ditt, Ivar, og takk for alt du gav oss. Vi vil aldri gløyme deg.
For korvener i Oslo Ø,
Alf Skjeseth